Kategorier
Bybloggen

Bill.mrk: Kvinner frå byen i fruktbar alder

I val av utviklingsretningar ynskje norske kommunar meir kunnskap for å kunne møte den aukande konkurransa om å være attraktive for til dømes næringsverksemd, busetting, handel, kultur og turisme. Mange norske kommunar har til dømes heftige ambisjonar om folkevekst. Men fleire slit med å holde på den befolkninga dei har, og ikkje minst med å […]

I val av utviklingsretningar ynskje norske kommunar meir kunnskap for å kunne møte den aukande konkurransa om å være attraktive for til dømes næringsverksemd, busetting, handel, kultur og turisme.

Mange norske kommunar har til dømes heftige ambisjonar om folkevekst. Men fleire slit med å holde på den befolkninga dei har, og ikkje minst med å få folk til å flytte heim igjen.

Seniorrådgiver Jan-Tore Berghei, NIBR, HiOA
Seniorrådgiver Jan-Tore Berghei, NIBR, HiOA

Sida tusenårsskiftet har det innanlandske flytteoverskotet for dei sentrale kommunane vært på 115 000, og overskotet i 2015 var 1 500 høgare enn gjennomsnittet for disse årene. De andre kommunegruppene har hatt et tilsvarande flyttetap, størst var det og i 2015 i de minst sentrale kommunane.

De tre nordlegaste fylka var blant dei med dei største flyttetapa i 2015, og flytting frå dei mindre sentrale og noko sentrale kommunane auka mest, ifølge SSB.

Unge og kvinner flyttar til byen

For 30 år sida blei det født over 6000 barn i nordnorske kommunar. I dag er mindre enn halvparten igjen på heimplassen, ifølge NRK. Nordnorske kommunar slit særleg med å få unge kvinner til å bli værande.

Den same tendensen kan man sjå på Vestlandet. I Møre og Romsdal er det berre to kommunar med like mange kvinner som menn i alderen 20-39 år. Fylket har faktisk det største kvinneunderskotet i landet. SSB sin likestillingsindeks plasserer Møre og Romsdal på botn saman med Agderfylka.

Desse regionane er prega av høge tal på deltidsarbeidande kvinner, ein maskulin næringsstruktur og tradisjonelle kjønnsstrukturar. Den einsidige arbeidsmarknaden gjer og dei regionane meir sårbar i møte med endringar i den internasjonale økonomien.

Utifrå utdanningsstatistikken ser man også et tydelig bilde av at fleire unge kvinner enn menn tek høgare utdanning. Ifølgje sosiolog Kåre Heggen tek jenter frå distrikta også høgare utdanning i større grad enn jenter frå byane. Dette kallar han «utkantjentenes stille revolusjon».

Jentene frå Agder, Nord-Norge og Møre og Romsdal reiser frå fylke med kjønnsdelte arbeidsliv og høge prosentandelar deltidsarbeidande kvinner. Og dei ender opp i dei større byane.

Jentene frå Agder, Nord-Norge og Møre og Romsdal reiser frå regionar med kjønnsdelte arbeidsliv og høge prosentandelar deltidsarbeidande kvinner. Og dei ender opp i dei større byane.

Å flytte frå byen igjen

Men dei blir ikkje i byen for alltid. Omlag 60 prosent av alle som flyttar til ein storby, har flytta ut igjen innan de er 40 år. Og har ei innflytta kvinne fått sitt første barn i byen, er vona omlag 80 prosent for at hun flyttar ut. Det fortalde no pensjonerte NIBR-forskar Kjetil Sørlie til Aftenposten i fjor.

Dei som flytta inn til byen og blir værande einslege, flytta i mykje mindre grad ut igjen enn andre. Ein stor del av dei som har vært i byen og fått barn der, buset seg i omlandet til storbya når dei flyttar ut, ifølge Sørlie og statistikk frå SSB.

Men nesten 30 prosent flyttar tilbake til heimkommunen, og 17–18 prosent av utflyttarane har flytta tilbake til heimkommunen innan dei fyll 40 år.

Resten som flytter ut av byane igjen med barn blir buande meir sentralt enn heimkommunen, men flytter gjerne tilbake til ein meir sentral del av fylket eller landsdelen dei er frå. Regionbyane er derfor viktig for heimflyttarar.

Det synes at mange ynskje å bo i eller nært områda dei kjem frå. Kvifor er det ikkje fleire som gjer akkurat det? Kva gjer det meir attraktivt å kome heim?

Kvifor er det ikkje fleire unge som flyttar heim igjen?

Å gjere nytte for seg

– Eg trur det har noko med arbeidsmarknaden å gjera. Dei som flyttar ut skaffar seg kompetanse det ikkje er bruk for heime, sa Maria Dyrhol Sandvik til Framtida i fjor.

Ho skriv godt og langt om tema i Røyst #2 2015. Der spør ho: Skal utflytta bygdejenter flytte heim på grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane, eller for å bøte på fødselsstatistikken?

Men livmora mi får du aldri (Maria Dyrhol Sandvik, Røyst #2, 2015)

For min eigen del vil eg ikkje ønskjast velkomen heim til Mørekysten berre for at heimfylket skal nå bustadsmålet og unngå fødselsunderskot. I staden bør kommunane leite etter svar på korleis unge kvinner kan utnytte kompetansen dei har skaffa seg ute.

Vi er mange som lengtar heim.

Lokalpolitikarar over heile landet ynskje seg unge kvinner for å få opp folketalet. Men eit kommunestyre med eit stort fleirtal middelaldrande menn gjer det neppe enklere når kommunane må finne svara på korleis dei kan lokke til seg unge kvinner frå byane, eller unge generelt.

Rapporten «Likestilt lokalpolitikk? – en kunnskapsstatus» frå Institutt for samfunnsforskning syner til forsking som set manglande kvinnerepresentasjon i samanheng med kvinneflukt.

«Gode oppvekstvilkår» går ofte igjen i strategiar for kvifor folk skal flytte heim eller busette seg i kommunen. Kommunane sine strategiar retter seg altså inn mot familiar som føretrekk tradisjonelle verdiar.

Men dei kommunane og regionane som evna å tilby relevant arbeid både til ein nyutdanna utflyttarar og til deira eventuelle partner stiller langt sterkare når valet om kor man skal flytte blir tatt.

Rana kommune ringer til dømes opp utflyttarar for å høyre om kva som skal til for å lokke dei heim igjen.

Helsetenesta er ein sektor kor man man bruka sin kompetanse lokalt.

Utdanning, innovasjon og kompetansearbeid

Forskarane Leo A. Grünfeld i Menon og Einar Leknes i IRIS samfunnsforskning skriv i Forskning.no om høgare utdannings betydning for vekst og utdanningsinstitusjonanes betydning for næringsutvikling i byregionar aktualiserer ein politikk for å satse på regionale utdanningsinstitusjonar.

For naturressursbaserte byregionar som no opplev eit stort behov for omstilling, pek dei og både på betydninga av å satse på å utvikle nye næringar og på å redusere sårbarheta ved å lokalisera kompetansearbeidsplasser innan offentleg sektor i desse regionene.

Det ville sannsynlegvis trekke fleire heim igjen, og få fleire unge til å bli.

Ett svar til “Bill.mrk: Kvinner frå byen i fruktbar alder”

Legg igjen en kommentar til 19. desember – ON THE EDGE of norway Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.