Kategorier
Bybloggen

Arkitektur og ideologi i Sovjetunionen

Ruslar ein rundt i ein russisk storby og er litt interessert i politikk, arkitektur og byplanlegging, kan ei sjå handfaste døme på kva ytterpunkt sovjetsystemet hysa. Så ideologisk rettruande var sovjetleiarane trass alt ikkje at dei reiv bygg som ga uttrykk for gamle politiske avvik. Da var det lettare å forby bøker, måleri og musikk. […]

Ruslar ein rundt i ein russisk storby og er litt interessert i politikk, arkitektur og byplanlegging, kan ei sjå handfaste døme på kva ytterpunkt sovjetsystemet hysa. Så ideologisk rettruande var sovjetleiarane trass alt ikkje at dei reiv bygg som ga uttrykk for gamle politiske avvik. Da var det lettare å forby bøker, måleri og musikk.

Forsker Jørn Holm-Hansen, NIBR, HiOA
Forsker Jørn Holm-Hansen, NIBR, HiOA

Sovjetstaten var eit diktatur frå starten til langt ut på 1980-talet. Det var ei fast politisk linje som gjaldt, langt frå den same heile tida, men berre ei linje om gangen. Men under skalet på diktaturet fantest det indre motsetnader.

Den grunnleggande motsetnaden skuldest at folket på den eine sida var til for å bygge staten sterk medan ideologien på den andre sida sa at staten var til for dei same folka. Ein særeigen, seig klassekamp mellom folk flest og dei styrande utspant seg. Mest tydeleg slo dette ut i dei mange arbeidaropprøra i Folkerepublikken Polen.

Politikk og arkitektur

Dei politiske omleggingane kom i brå kast, også når det gjaldt kva som var rett arkitektur. På 1920-talet var det vill eksperimentering og nyskaping i arkitekturen. Sovjetunionen låg i front internasjonalt. Så kom den brutalt kulturkonservative omlegginga under Stalin. No skulle arkitekturen inngi ærefrykt for systemet og respekt for klassiske former og nasjonale særdrag. Folk skulle oppsedast og displinerast.

Avstaliniseringa på slutten av 1950-talet dreidde seg mykje om at dei materielle behova til folk skulle takast meir på alvor. No var ikkje innbyggarane lenger berre ein innsatsfaktor i statsbygginga. Bolignauden ble redusert ved hjelp av prefabrikerte, dønn like bygg over heile Sovjetunionen og i dei underlagte statane aust i Europa. Under Brezjnev slapp nokre arkitektar til med postmodernistisk leik med formene.

Trans-Sovjet Express (Vigmostad & Bjørke, 2017)
Kjartan Fløgstads «Trans-Sovjet express» (Vigmostad & Bjørke, 2017)

Temaet sovjetisk arkitektur er litt ekstra aktuelt i Norge no ettersom det nett kom ei mykje omtalt bok om. Det dreier seg om Kjartan Fløgstad si «Trans-Sovjet ekspress» (Vigmostad & Bjørke, 2017).

I boka merkar ein nok meir til dei avbrotne arkitektstudiane til forfattaren enn til marxisten Fløgstad. Her er det mykje overflate. Han reiser rundt og ser på form. Men han får også godt fram korleis kva som var tillete av form, hang saman med kva som var den tilletne politiske linja.

Sovjet og Le Corbusier

Som det var tilfellet på andre kulturområde, var Sovjetunionen eit oppkomme av nytenkjing og radikale idear i arkitekturen på 20-talet og mot midten av 1930-åra. Det var konstruktivisme som gjaldt i byggekunsten, ein russisk forløpar til funkisen. Noko kom aldri lengre enn til papiret, slik som «La ville volante» til Georgij Krutikov. Ikkje eingong sosialismen kunne materialisere byar som hang i lause lufta.

Bustadsblokka til dei tilsette i Finansministeriet – det vidgjetne Narkomfinbygget signert blant anna Moisej Ginzburg – stod ferdig i 1932. Den skulle vera ein «sosial kondensator». Leiligheitene var små, bad og kjøkken var delt mellom fleire. Korridorane inni skulle fungere slik som bygatene gjer.

Dette var forløparen til Unité d’Habitation (teikna av Le Corbusier) som blei reist i Marseille først etter krigen. Le Corbusier hadde vore mykje i Moskva. Hovudkvarteret – Tsentrosojuz – til sovjetisk LO er teikna av han.

Narkomfinbygget på 1930-tallet. Foto: Wikimedia Commons
Narkomfinbygget på 1930-talet. Foto: Wikimedia Commons

 

Ny-palladisme

Det at sovjetarkitekturen låg i forkant internasjonalt, fekk ein stopp på 30-tallet. Eit første tydeleg teikn var at ombygginga av Hotel National i 1932 ikkje hadde fnugg av spreke grep, i alle fall ikkje nye.

Hotellet hadde rett og slett fått ein fasade inspirert av renessansen og den store arkitekten frå den tida, nemleg Palladio i Venezia. Dette var «ny-palladisme». Det nye var at bygget hadde fått påført veggmaleri i majolika med tema frå industrien. Dette var eit frampeik mot det som skulle komma.

Hotel National i Moskva.
Hotel National i Moskva. Foto: Ludvig14, Wikimedia Commons, CC-BY-SA 3.0

Stalinistisk krimskrams

Fem år seinare gjekk den første all-sovjetiske arkitektkongressen av stabelen. Der blei konstruktivisme stempla som «formalisme» fordi den hevda at den estetiske forma kom som resultat av konstruksjon og teknikk. Avantgardistane fell i nåde og gamle før-revolusjonære arkitektar fekk ein ny vår.

No skulle arkitektane ta opp den klassiske arven og mikse den med nasjonal ornamentikk knytta til dei mange offisielt godkjende folkeslaga i Unionen, som russarar, tatarar, georgiarar, usbekar og så vidare. Vekta lå på at det skulle vera monumentalt og solid.

Boligene oppført under Stalin var overdådige og byggetempoet på disse dekket ikke det massive behovet til boliger i sovjetiske byer.
Blokkane oppført under Stalin var overdådege og byggetempo på desse stogga ikkje den massive bolignauden i sovjetiske byar. Etter Stalins død vert desse erklært for ekstravagante.

Tida for stalinistisk-konservativt krimskrams, kraftpatriotisme og heroisme var komen om ein ser bort frå dei luksuriøse feirebustadene dei fikk bygd til seg sjølve. Da skulle det vera stilrein konstruktivisme, det vi kallar funkis.

Men husvære for folk blei det for lite av. Bolignauden var stor. Ei knall bra bok om byggekunsten i heile det statssosialistiske Europa og dei indre, ideologiske konfliktane mellom «sosialistisk klassisisme» og «modernisme» finst på svensk. Det dreier seg om Anders Åmans «Arkitektur och ideologi i Stalintiden Östeuropa» (1987) utan at den blir nemnd i Fløgstad si elles så gode og omfattande referanseliste.

Khrusjstjovkaene

Så kom Khrusjtsjov til makta (1953-1964), la vekt på folks velferd og avhjalp bustadsnøden med enkle, pre-fabrikerte bygg, dei såkalla khrusjstjovkaene. Monumentalbygga blei nå modernistiske. Den nye stilen fekk eit tydeleg og prestisjetungt uttrykk alt i 1961, som eit varsel om kva som skulle kome.

Khrusjtsjovkiene var opprinnelig tenkt å vare i maks 50 år, men mange har hatt en overraskende lang holdbarhet.
Khrusjtsjovka. Foto: Maximaximax, Wikimedia Commons, CC-BY-SA 3.0

Det dreier seg om Kongresspalasset inne i sjølvaste Kreml. Det er eit stilreint, sobert og enkelt bygg utan noko av det pompøse krimskramset, element utan anna bruk enn som dekor, som særmerkte Stalintida.

Bygget freister heller ikkje å «gli ubemerka inn» i omgivnadene av eldre bygg. Sånn sett markerer det eit brot med restaureringslinja i sovjetisk byplanlegging. Det tek omsyn berre ved at det ikkje ragar høgt. I staden har det to underetasjar. Og den markerer ein overgang til eit meir demokratisk sinnelag.

Det blei det sagt mykje om då palasset stod ferdig. Bygget fekk fleire funksjonar, ikkje berre til partikongressar, men også konsertar og teaterframsyningar. Kreml blei meir open for folk flest. Kongresspalasset greip attende til grep frå konstruktivismen, blant anna gedigne vindauge som slepp inn lys, men diverre også kulde om vinteren og varme i den heite Moskva-sommaren.

Kongresspalasset i Kreml
Kongresspalasset i Kreml.

Brezjnev (1964-1982) heldt fram der Khrusjtsjov hadde starta, det blei lagt meir vekt på at folk skulle ha gode liv i det små enn på store krafttak og forsakingar. Folk skulle ha det bekvemt i kvardagslivet. Ideologien blei nedtona, men samstundes blei det stramma inn. Trass i at epoken blir kalla zastój-perioden (stagnasjon) blei det bygd mykje.

Utstillingsvindauge Moskva

Moskva skulle som før vera eit utstillingsvindu for den gode, sosialistiske byen. Den gamle Generalplanen for byen frå 1935, som Fløgstad skriv mykje og godt om, blei erstatta av ein ny Generalplan i 1971. Medan 1935-planen hadde dreid seg om rekonstruksjon av byen, var 1971-planen ein «utviklingsplan». Nå skulle det ikkje rivast meir gamalt, men byggjast ut på nye tomter. Byen skulle vide seg ut. Plan gjaldt ikke berre sjølve byen, definert administrativt som områda innafor den ytre ringvegen MKhAT, men heile agglomerasjonen.

Sjefsarkitekta i Moskva Mikhail Posokhin, bilete er frå omlag 1980. Foto: Genplan-instituttet i Moskva

Fløgstad seier at ein slags post-modernisme slo tidleg inn i Sovjetunionen, alt på 1960-talet under Brezjnev. Arkitektkollektiv tegna og fekk reist bygg med stilelement herfra og derfra. Det kom islett av post-modernisme. Diverre følger ikkje Fløgstad opp denne tråden. Kanskje fordi det har vore skrive langt mindre om Brezjnevtida enn om overgangen frå radikalarane sin konstruktivisme til Stalins konservative «sosialistiske klassisisme»?

Det kan uansett høve å ta opp tråden der Fløgstad slapp og seie litt meir om byggekunsten i Brezjnev-tida.

Romfarta i Sovjetarkitekturen

Noko av det arkitektanе byrja med på 70-talet, var å gå attende til til nokre av framgangsmåtane frå konstruktivismen på 1920-talet. Blant anna fikk ein del bygningar ei utforming som avspeila kva dei sкulle drive med inne i dei.

Eit litt pussig trekk frå denne tida var offentlege bygg inspirert av romfarten, som var ein sovjetisk stolthet på den tida og massivt nytta som identitetsskapar av dei mer moderne retningane innanfor partiet, dei som stod i konflikt med meir nasjonalt innoverskuande krinsane. Bryllaupspalasset i Tbilisi eit tydeleg døme på romfartsinspirert Brezjnevarkitektur. Nokre stader hadde trafikkpolitiet utsiktstårn forma som romskip.

Bryllaupspalasset i Tbilisi. Foto: georgiatosee
Shevardnadze opna palasset i 1984. Foto: Irakli Kovzanadze

Boligbygginga tok også nye steg framover. Nå kom det ein katalog over byggelement som arkitektane kunne setje saman på ulikt vis for å lage variasjon. Dei brukte fargar og mønstre på fasadane. Nå skulle det vera slutt på det einsformige preget frå khrustsjovkaene. Desse hadde alltid vore på fem etasjar. Skulle ein ha meir enn fem etasjar, var heis pålagt og det blei for dyrt når kjapp bustadreising var mantraet. Under Brezjnev blei bustadhusa høgare, opp til 22 etasjar.

Det er nokre bygg i den brezjnevittisk-postmodernistiske stilen som kan nemnast, og dei står framleis. Bygga skriv seg frå siste halvdel av 70-tallet og utover på 80-tallet, på terskelen til perestrojkaen: Dokketeateret i Voronezj fekk den sovjetiske statspremien for byggekunst. Her tok ein steget frå stål, glass og vinklar til meir plastiske former og leik.

Dokketeateret i Voronezj. Foto: GAlexandrova, Wikimedia Commons, CC-BY-SA 4.0

 

Dokketeateret i Voronezj
Dokketeateret i Voronezj. Foto: rambler.ru

Hammanen i Tasjkent er eit anna døme. Barnehagen i Dzjambul-stredet i Leningrad fra 1983 stikk seg ut ved at det kjem tydeleg fram at det er ein plass for barn og leik. Ein innflytelsesrik arkitektursynsar skreiv i Arkhitektura SSSR at dekorasjonane på bygget var «masochisme med teikn». Ein annan skribent angrep det nyskapande kinobygget «Pobeda» i Rostov ved Don ved å seie at «nykkar høver seg ikkje, slike søyler finst ikkje».

Etter kollapsen

Så kom 1990-tallet med frislepp og fritt fram for dei som klarte å rane til seg felleskapens rikdommar. Dei bygde dei mest fantasifulle og uproprosjonale kråkeslotta ein kan sjå for seg i mareritt.

Dette påbygget sto ferdig i Masjkovgata i Moskva i 2000. Foto: Daria Paramonova

Dei minner om ei historie frå gründertida i Odessa, seint på 1800-talet. Ein nyrik gründer skulle bygge herskapelig hus og leigde inn ein arkitekt. Arkitekten spurde kva stil han ville ha huset i: «- Kva stil? Finst det fleir? Eg er rik. Eg vil ha alle», var svaret han fekk.

Huset står den dag i dag som ei overlessa bløtkake der konditoren har gått amok med kremsprøyta.

Blautkaka «Patriarken» sto ferdig i 2002. Den finn du att i Malaja Bronnaja-gata i Moskva. Foto: Daria Paramonova
Bløtkaka «Patriarken» sto ferdig i 2002. Den finn du att i Malaja Bronnaja-gata i Moskva. Foto: Daria Paramonova

 

Boligprosjekt i Moskva 2009. Foto: Frank Herfort

 

Ein starta å bygge det internasjonale business-senteret i Moskva i 1992. Det er planlagt å stå ferdig i 2019.
Ein starta å føre opp det internasjonale business-senteret i Moskva i 1992. Det skal endeleg stå ferdig i 2019. Foto: Daria Paramonova

 

Boligprosjekt i Mosvka, 2010. Foto: Frank Herfort

Ett svar til “Arkitektur og ideologi i Sovjetunionen”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.